mandag 15. august 2011

Augustoppdatering

Hei igjen.
Då har det skjedd fleire ting. Vil heretter freiste å lage ei oppdatering i månaden, kanskje to om det skjer mykje på kort tid.
Sidan sist har det skjedd ein god del. Har tatt med dei viktigaste forandringane her, spesielt interesserte kan ta ein titt her:
https://picasaweb.google.com/101938061851844041729/Hus?authuser=0&authkey=Gv1sRgCIeQz8yqorj2pwE&feat=directlink
Oppå isoporen vart det lagd radonsperre(den gule plasten), armering og sløyfene til vassbåren golvvarme. Alt dette er no skjult under eit lag med betong:Etter at betongen omsider kom heilt på plass var det ikkje mange dagane før det stod noko som ser ut til å bli eit greit hus:Her står reisverket til nytt kjøkken, vaskerom, eit lite bad og ein liten gang. Litt feil er det gjort, på kjøkkenet skal det gå ein ståldragar i taket. Denne treng ei søyle til støtte, men der støtta skal stå kjem trekkerøyra til straumen opp, så der må det gjerast noko alternativt. Snekkaren har som regel ei løysing på det meste, så me stolar på at det blir bra.

Heile helga vert brukt til å grave ut kjellaren under huset, det var litt av ein jobb, men heldigvis er det arbeidsvillige familiemedlemmar i nærleiken som kan trø til på kort varsel. Med hjelp av ein liten, genial gravemaskin, eit transportband, mykje handarbeid pluss pluss, så vert golvet i kjellaren omkring ein halv meter lågare. Ber om årsak om me forstyrra sundagsfreden til naboane. Planen her er å støype ein krans langs veggen så den ikkje rasar ut og deretter få eit godt, solid betonggolv. Nok å gjere.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar