
I dag, mandag 27. juni vart isoporen lagd ned. Diverse røyr og liknande stikk opp av bakken. Me håpar at dei treff der dei skal. Vidare skal det leggast armeringsmatter oppå her. Der etter vert vassrøyra til golvvarmen festa til armeringa og om alt går som det skal vert dette sausa ned under eit omkring 10cm tjukt lag med betong, helst før den verste ferien slår til. Så alt det fine arbeidet som Rørleggeren har gjort under, både med botnledning og vassrøyr vil ikkje kunne beundrast. Men så lenge alt fungerar og ingenting er gløymd er me nøgde.

Kan verte eit greit bilete for Kristoffer å ha til seinare når huset står ferdig. Her står han inne på vaskerommet som og vert teknisk rom.

Her vil alt komme inn og gå ut igjen. Dei kvite røyra heilt til venstre er tilføringa av varmt vatn til den vassborne varmen. Dei to raude er tilføringa av varmt vatn til det gamle huset. Dei blå er røyr som skal gå til kranar, toalett, dusjar og liknande. Dei siste raude er straum og tele inn og ut.

Slik var ringmuren før noko vart lagd i. Dette er isoporelement som er satt ut først, før det vert lagd betong oppi.

Når isoporelementa skulle settast opp var Alleen Bygg & Eiendom særs nøgd med avrettinga av underlaget. Det må vere 100% sidan elementa er 75cm høge og legg grunnlaget for heile huset. Så all ære til Jarl Røyseland og Egil Gysland som har gjort ein skikkelelg jobb med grunnarbeidet. Så skal du folk til graving er det dei eit godt val.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar