No skal huset reisast og pengane fly!!
søndag 16. oktober 2011
Septoberoppdatering
Har skjedd mykje sidan sist. Pga dette har blogginga verte sett på pause. Men...som de ser har det blitt både plater og kledning på huset.

Ein stor, feit og ikkje minst dyr limtredragar held oppe taket på nydelen. Typisk at han ikkje vil vere synleg når huset er ferdig, må kanskje ha eit bilete på veggen for å vise kva som ligg skjult. Det er meininga at møna på begge delane skal vere like høge i tillegg til mellomgangen mellom dei to.
Her er sperrane sett opp og huset byrjar å likne på noko. Det er utruleg stilig å sjå korleis snekkarane målar ut alt medan plankane ligg på bakken og så passar alt når det vert sett opp.
Plutseleg er heile greia asfaltert. På taket har med takplatar som skal ventilere godt nok til at me kan legge isolasjonen tett opptil, då sparer ein arbeidet med å lage luftekanalar overalt. Omsider fann me ut at me ville ha enkeltkrum stein på taket, Skarpnes antikk. Det vert litt dyrare med dei, men me synast det ser litt finare ut og det passar betre saman med det gamle.
På gamlehuset har me her bytta to av åsane. Ei lita stund hadde me god utsikt og eit godt utgangspunkt for ein loftsveranda, men det ville nok ikkje passa heilt inn. Den eine åsen er henta frå andre sida av taket der me uansett skal opne opp til det nye. Det var ikkje heilt inne i planane å måtte gjere dette, men det måtte gjerast.
Alle steinane er av og 2*4'ane ligg oppe. Desse ligg på 60 60 og det vert lagd isolasjon mellom. Då slepp me å isolere så mykje på innsia av taket.
Vindskier, vassbord og takrenner montert, alt klart til at steinen kan kome.
Nydelen vert kledd med ståande kledning medan gamledelen skal ha liggande. Dette er kjøkensida av huset. Etterkvart vil me lage til ein god platting på framsida, så me kan gå rett ut frå kjøkenet å nyte sola.
Her har steinen komen på plass og det er lagd til ein del. Mellombygget fører til ein del kutting av stein sidan det vert fire renner til saman der taka går innpå kvarandre. Det vekkjar ikkje god åtgaum hos snekkarane å måtte kutte så mykje stein, men dei klarar det nok. På gamletaket er isolasjon, plater og lekter lagd. Me har kjøpt gamle teglstein borte på Vigeland som me skal leggja på her. Sidan dette taket er tett kan me, om tida strekk til, leggje desse steinane sjølve. Om nokon vil vere med er det berre å sei i frå;) Me bruker gamle stein sidan me ynskjer å halde på den gamle utsjånaden sånn huset såg ut originalt. Takk til Arve for lån av presenningar, me trengde ein del for å dekke over når taket var utett.
Sånn har det vorte nå, mange stein er lagd og kledningen er ikkje langt frå ferdiggjort, så snart kan innearbeidet starte. Me er godt nøgd me huset vårt. Forsetting følger.....
mandag 15. august 2011
Augustoppdatering
Hei igjen.
Då har det skjedd fleire ting. Vil heretter freiste å lage ei oppdatering i månaden, kanskje to om det skjer mykje på kort tid.
Sidan sist har det skjedd ein god del. Har tatt med dei viktigaste forandringane her, spesielt interesserte kan ta ein titt her:
https://picasaweb.google.com/101938061851844041729/Hus?authuser=0&authkey=Gv1sRgCIeQz8yqorj2pwE&feat=directlink
Oppå isoporen vart det lagd radonsperre(den gule plasten), armering og sløyfene til vassbåren golvvarme. Alt dette er no skjult under eit lag med betong:
Etter at betongen omsider kom heilt på plass var det ikkje mange dagane før det stod noko som ser ut til å bli eit greit hus:

Her står reisverket til nytt kjøkken, vaskerom, eit lite bad og ein liten gang. Litt feil er det gjort, på kjøkkenet skal det gå ein ståldragar i taket. Denne treng ei søyle til støtte, men der støtta skal stå kjem trekkerøyra til straumen opp, så der må det gjerast noko alternativt. Snekkaren har som regel ei løysing på det meste, så me stolar på at det blir bra.
Heile helga vert brukt til å grave ut kjellaren under huset, det var litt av ein jobb, men heldigvis er det arbeidsvillige familiemedlemmar i nærleiken som kan trø til på kort varsel. Med hjelp av ein liten, genial gravemaskin, eit transportband, mykje handarbeid pluss pluss, så vert golvet i kjellaren omkring ein halv meter lågare. Ber om årsak om me forstyrra sundagsfreden til naboane. Planen her er å støype ein krans langs veggen så den ikkje rasar ut og deretter få eit godt, solid betonggolv. Nok å gjere.
Då har det skjedd fleire ting. Vil heretter freiste å lage ei oppdatering i månaden, kanskje to om det skjer mykje på kort tid.
Sidan sist har det skjedd ein god del. Har tatt med dei viktigaste forandringane her, spesielt interesserte kan ta ein titt her:
https://picasaweb.google.com/101938061851844041729/Hus?authuser=0&authkey=Gv1sRgCIeQz8yqorj2pwE&feat=directlink
Heile helga vert brukt til å grave ut kjellaren under huset, det var litt av ein jobb, men heldigvis er det arbeidsvillige familiemedlemmar i nærleiken som kan trø til på kort varsel. Med hjelp av ein liten, genial gravemaskin, eit transportband, mykje handarbeid pluss pluss, så vert golvet i kjellaren omkring ein halv meter lågare. Ber om årsak om me forstyrra sundagsfreden til naboane. Planen her er å støype ein krans langs veggen så den ikkje rasar ut og deretter få eit godt, solid betonggolv. Nok å gjere.
mandag 27. juni 2011
Isoporen har lagt seg
mandag 6. juni 2011
Då var me jammen i gong.
Dette er det kjende utgangspunktet. Dagen før det skjer noe spennende.
Bare rot!
Svarte greier.
Se det! Då er dei første taka tatt.
Inspektøren.
Sjølve tomta er rydda og gjort skikkeleg klar til å fyllast med masse.
Sprengsteinen er på plass. Fint og planert. Ser litt betre ut no.
Trur dette kan verte bra saker. No manglar det å legge inn litt vatn- og kloakkrøyr før betongfolka kan komme med elementane. Om alt går sånn omtrent etter planen blir det noko betongarbeide denne veka. Då blir det nok fleire bilete.

lørdag 5. februar 2011
Et lite tilbakeblikk
Då er det klart for eit lite innlegg mens me ventar på at snøen skal forsvinne og at kommunen skal få søknaden vår ferdig godkjend. Snøen har berre vore her i ca to månader, men kommunen har hatt søknaden sidan 12.oktober!! Må kanskje rekne med slikt, det er ikkje alltid like lett å svare ja eller nei. Byrjar å bli ganske lei av å vente, så trur ein telefon snart kan vere på sin plass.
Uansett... slik såg det ut før den kommande naboen vår spurde om han skulle grave litt, himlane grei nabo forresten. Dette bilete er teken 14. september 2010.
Gravinga er i gong 7. oktober 2010. På 2.5 timar var det gjort. Hvis nokon har ei gravemaskin dei ikkje har bruk for er det berre å seie frå. Legg forresten merke til den utruleg fine traktoren til høgre i biletet.
mandag 20. september 2010
Nok ein oppdatering!!
Ja, her er det tett mellom oppdateringane om korleis det går med prosjektet vårt....
Men dessverre skjer det ikkje så mykje, ennå. Hentar fortsatt nokre prisar på det som må til, men tømraren har starta på søknaden no, så håpar at den skal gå greit gjennom papirmølla i kommunen.
Det som hadde vore veldig greit var at me fekk betongarbeidet ferdig før frosten kjem. Så haustferien vil forhåpentligvis gå med til å grave ut og gjere ferdig tomta.
Skal etterkvart forsøke å få lagt ut nokre bilete når det kanskje blir litt meir æksjn.
Talast!

torsdag 22. juli 2010
Datering av biletet
Biletet er tatt omkring 1950. Huset me skal fikse på er det gule i midten. Dateringa av biletet er på bakgrunn av den vesle grana/busken som står ned til høgre for hushjørnet. Denne grana er no hoggen ned og ho var omkring 55-60 år gamal.
Låven datt ned for ein 15 år sidan og den blir nok neste prosjekt når huset er klart.
Låven datt ned for ein 15 år sidan og den blir nok neste prosjekt når huset er klart.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)