søndag 16. oktober 2011

Septoberoppdatering

Har skjedd mykje sidan sist. Pga dette har blogginga verte sett på pause. Men...som de ser har det blitt både plater og kledning på huset.


Ein stor, feit og ikkje minst dyr limtredragar held oppe taket på nydelen. Typisk at han ikkje vil vere synleg når huset er ferdig, må kanskje ha eit bilete på veggen for å vise kva som ligg skjult. Det er meininga at møna på begge delane skal vere like høge i tillegg til mellomgangen mellom dei to.Her er sperrane sett opp og huset byrjar å likne på noko. Det er utruleg stilig å sjå korleis snekkarane målar ut alt medan plankane ligg på bakken og så passar alt når det vert sett opp.Plutseleg er heile greia asfaltert. På taket har med takplatar som skal ventilere godt nok til at me kan legge isolasjonen tett opptil, då sparer ein arbeidet med å lage luftekanalar overalt. Omsider fann me ut at me ville ha enkeltkrum stein på taket, Skarpnes antikk. Det vert litt dyrare med dei, men me synast det ser litt finare ut og det passar betre saman med det gamle.
På gamlehuset har me her bytta to av åsane. Ei lita stund hadde me god utsikt og eit godt utgangspunkt for ein loftsveranda, men det ville nok ikkje passa heilt inn. Den eine åsen er henta frå andre sida av taket der me uansett skal opne opp til det nye. Det var ikkje heilt inne i planane å måtte gjere dette, men det måtte gjerast.
Alle steinane er av og 2*4'ane ligg oppe. Desse ligg på 60 60 og det vert lagd isolasjon mellom. Då slepp me å isolere så mykje på innsia av taket.

Vindskier, vassbord og takrenner montert, alt klart til at steinen kan kome.
Nydelen vert kledd med ståande kledning medan gamledelen skal ha liggande. Dette er kjøkensida av huset. Etterkvart vil me lage til ein god platting på framsida, så me kan gå rett ut frå kjøkenet å nyte sola.Her har steinen komen på plass og det er lagd til ein del. Mellombygget fører til ein del kutting av stein sidan det vert fire renner til saman der taka går innpå kvarandre. Det vekkjar ikkje god åtgaum hos snekkarane å måtte kutte så mykje stein, men dei klarar det nok. På gamletaket er isolasjon, plater og lekter lagd. Me har kjøpt gamle teglstein borte på Vigeland som me skal leggja på her. Sidan dette taket er tett kan me, om tida strekk til, leggje desse steinane sjølve. Om nokon vil vere med er det berre å sei i frå;) Me bruker gamle stein sidan me ynskjer å halde på den gamle utsjånaden sånn huset såg ut originalt. Takk til Arve for lån av presenningar, me trengde ein del for å dekke over når taket var utett.
Sånn har det vorte nå, mange stein er lagd og kledningen er ikkje langt frå ferdiggjort, så snart kan innearbeidet starte. Me er godt nøgd me huset vårt. Forsetting følger.....