mandag 20. september 2010

Nok ein oppdatering!!

Ja, her er det tett mellom oppdateringane om korleis det går med prosjektet vårt....
Men dessverre skjer det ikkje så mykje, ennå. Hentar fortsatt nokre prisar på det som må til, men tømraren har starta på søknaden no, så håpar at den skal gå greit gjennom papirmølla i kommunen.

Det som hadde vore veldig greit var at me fekk betongarbeidet ferdig før frosten kjem. Så haustferien vil forhåpentligvis gå med til å grave ut og gjere ferdig tomta.
Skal etterkvart forsøke å få lagt ut nokre bilete når det kanskje blir litt meir æksjn.
Talast!

torsdag 22. juli 2010

Datering av biletet

Biletet er tatt omkring 1950. Huset me skal fikse på er det gule i midten. Dateringa av biletet er på bakgrunn av den vesle grana/busken som står ned til høgre for hushjørnet. Denne grana er no hoggen ned og ho var omkring 55-60 år gamal.
Låven datt ned for ein 15 år sidan og den blir nok neste prosjekt når huset er klart.

onsdag 21. juli 2010

Dette er starten

Skal etterkvart byrje å renovere huset på Foss. Skal prøve å legge inn litt her når tida strekk til.
Helsing Benedicte, Kristian og Kristoffer